foto30558.jpg

18.06.2006

Knute Nelson-dag Kvilekvål Evanger (Vassvøri Sogelag Knute Nelson-stova Senator) (Juni 2006)

Knute Nelson-dag – Omvisning og orientering om Knute Nelson-stova i regi av Vassvøri Sogelag.

Kven var Knute Nelson ?

Knute Nelson er den mest vidgjetne norske emigrant i USA. Han vart fødd i gamlestova på Kvilekval, Evanger, 2. februar 1842.
I kyrkjeboka er han ført inn med namnet Knud, heimedøypt 28. mars på Kvilekval, og med Ingeborg Haldorsdtr. Qyileqval (f.1814 – d.1910) og Helje Knudsen Styve (f.1807 – d.1844) som foreldre.
Knute Nelson gav i alle år opp 1843 som fødselsår. Berre mora og Knut veit kvifor.
Ingebjørg vart åleine med sonen og melde utflytting til USA hjå presten 16. april 1849.
Den 25. april 1849 utvandra Ingebjørg med sonen Knud til USA frå Bergen med briggen «Bjørgvin».
Frå New York drog dei vidare til Chicago, der dei kom fram sumaren 1849.
I 1850 vart Ingebjørg gift med vossingen Nils Grjotland og Knud tok namnet Knute Nelson etter stykfaren.
Dei reiste til Skoponong i Wisconsin der dei fekk seg farm og der Knute kom i skule.
I 1853 flytta familien nordover til Koshkonong.

Knute Nelson synte tidleg at han hadde gode evner og gjekk med stor iver opp i skulearbeidet.
18 år gamal, melde Knute Nelson seg som friviljug på nord-statsida i den amerikanske borgarkrigen. Han var med i krigen i 3 1/2 år, vart såra og sidan teken til fange.
Etter freden i 1865 gjekk Knute Nelson attende til jusstudia, og i 1867 vart han autorisert sakførar.
Våren 1868 vart han gift med Nicoline Jakobsen (f.1846 -d.1922) frå Austre Toten. Tre born vart fødde då dei budde i Dane County, to døtre og ein son. Ei av døtrene døydde knapt 1 år gamal. I 1871 flytte Knute Nelson til Alexandria i Minnesota, og der hadde han sidan heimen sin.
Tre andre døtre vart fødd i Alexandria, men alle døydde i ein skarlagensfeber-epidemi i 1877. Den einaste sonen, Henry, døydde av tuberkulose 37 år gamal. Ida, var den einaste som overlevde faren. I 1919, 50 år gamal, gifta Ida seg med Gustaf Nelson. Ho døydde i 1942, 74 år gamal.

Knute Nelson kom tidleg med i det politiske arbeidet.
Hausten 1872 vart Knute Nelson vald til statsadvokat for Douglas County, og frå 1875 til 1878 var han med i senatet for staten Minnesota.
I 1882 vart han vald inn i kongressen som republikanarane sin representant for Minnesota.
Han vart guvernør for Minnesota i 1892 og attvald i 1894. Knute Nelson framom Knute Nelson stova på Kvilekval i 1899. I 1895 vart han vald som senator, det høgste ombod ein framandfødd kan nå i USA. Valbolken for senatorar er 6 år, og Knute Nelson vart attvald heile 5 gonger. Siste gongen utan motkandidat.

Sumaren 1899 vitja Knute Nelson Evanger. Det var einaste gongen han vitja Noreg etter at han reiste her i frå. Heradstyret gjorde æra på han og bad han til gjestebod på bygda sine vegne.

Knute Nelson døydde brått på toget frå Washington til heimen i Minnesota den 28. april 1923.

Stoda på Kvilekval då Knute budde der
Det var to bruk på Kvilekval då Knute vart fødd. Slekta til Knute kom frå bruk 1, men då Knute var 1 år vart bruket selt ut av slekta. Det var onkel til Knute, Jon Haldorson (1810 -1864), som selde garden for å skaffa pengar til amerikareise i 1843 for seg og kona Sigvor. Det var hjå denne onkelen Knute og mora fekk bu då dei kom til Chicago i 1849.
I eit kongeleg skøyte frå 1836 vart besteforeldra til Knute sikra gode kår-vilkår på garden så lenge dei levde. Det var truleg dette Knute og mora drog nytte av då dei budde på Kvilekval.
Frå 1843 fram til 1848 var det fleire eigarskifte. I 1848 vart garden skøytt til Knut Sjurson Århus (1799 – 1851) gift med Ragnhild Larsdtr. Bjørgo. Knut Sjurson var lærar i Evanger og det var frå «Skulen», som dei kalla Knut, at vetle Knute fekk den fyrste boklege lærdom.
Ein av sønene til Knut og Ragnhild, Anders, var eit år eldre enn Knute. Dei to gutane vart gode vener i det eine året før Knute og mora emigrerte til Amerika saman med mora. Seinare nemnde Knute Nelson at han hugsa godt kor snill nabokona Ragnhild var, og kor god kling ho laga.

Knute Nelson stova vart ført opp rundt 1800. Huset som var lafta, var ført opp på gråsteins grunnmur med steintropp på framsida. Huset hadde dør og gang i midten, stove på den eine sida og eldhus på den andre. Eldhuset var lågare enn stova og hadde åre midt på golvet og ljore i taket.
Det var gang, eit lite kammers og lemstove i 2. høgd. Her var det to faste senger, ramma inn med ein heilt uvanleg pyntedekor. I fyrste høgda var det stove med langbord, benker, seng, kråskap og omn.

Knute Nelson stova i forfall og for sal.
Sjølv om Evanger herad var byrg over å vera fødestaden for ein av dei mest vidgjetne nordmenn, så var det lite som vart gjort frå dei styrande i heradet for å hegna om Knute Nelson sitt minne.
Det har mest vore utanbygds folk som har synt den største interessa for Knute Nelson og fødeplassen hans.
Kulturinteresserte vossingar oppmoda i slutten av 1930 Evanger heradsstyre om å hegna om Knute Nelson sitt minne. Stova var i forfall og det var berre godt trevyrke, solid byggjeteknikk og godt handverk som hindra stova i å gå til grunne.
I 1940 kjøpte den amerikanske konsulen i Bergen, Maurice P. Dunlap Knute Nelson stova for kr. 700,-.
Han hadde planar om å flytta stova til Minnesota, heimstaten til Knute Nelson.
Stova var i dårleg stand og konsul Dunlop fekk arkitekt Leiv Tvilde, Voss; til å laga ein plan for restaureringsarbeidet. Den 30. november 1940 vart det i Evanger heradstyre lese opp eit skriv frå Kulturdepartementet med oppmoding til heradstyret om å gje fråsegn i høve av at Knute Nelson-stova
skal flyttast bort frå bygda.
Heradsstyret tilrådde at stova vart freda, og at stova ikkje burde flyttast bort før det vart klarlagt om det kunne reisast pengar til å restaurera og halda henne vedlike der ho stod.

Eldsjeler frå Voss stod for eit storstilt innsamlingsarbeid for å få inn midlar til å dekkja dei omlag 1200 kronene som var naudsynte for å ta over stova.

Ein kom fram til ei semje med grunneigaren som gav heradet rett til å ha Knute Nelson stova ståande på den plassen den stod så lenge heradet ynskte det.
Etter at semja var tinglyst og heradet hadde gjeva lovnad om at dei skulle restaurera stova, vert stova freda av Riksantikvar Harry Fett.
Konsul Dunlap gav stova i gåve til heradet med det vilkåret at heradet betalte utførd snikkararbeid og naudsynt restaure ringsarbeid, i alt kr. 1127,40.

Då Evanger gjekk inn i Voss kommune ved kommunesamanslåinga i 1964, kom Knute Nelson stova i Voss kommune si eige.
I 1980-åra vart det føreteke ei storvøla på stova med m. a. omlegging av tak Frå 2005 har Vassvøri sogelag teke på seg oppgåva med å føra tilsyn med stova, stå for omvisning og skipa til ein årleg «Knute Nelson – dag».

Endring sidan Knute Nelson budde i stova.
Då Knute Nelson vitja Kvilekval i 1899 syner eit bilete at stova utvendig var som då han reiste i 1849. Sidan er eldhuset rive og eit nytt hus er bygd ved sida av stova. Veggen mot nabohuset er sett opp frå nytt. Stova har fått bordkledning like opp til taksperra, elles har stova dei same ytre trekk.
Innvendig er huset mykje det same som då Knute vaks opp her. Det er ikkje noko inventarliste frå 1849 då Ingebjørg og Knute drog frå Kvilekval, men senger, langbord, benkar framskåp og ølkjenge og eit åkle er truleg frå Knute si tid. Det er og mange interessante reiskapar og gjenstandar i stova som høyrer til garden på Kvilekval og som er tidfesta til den tida Knute og mora budde i stova.

Tekst: Atle O. Bolstad

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *