27.07.2020
Bygdatunet (Granvin Bygdatun Museum Holvenstova Løflotstova Mosstove Bua skulhus) (Juli 2020) (Informasjon)
I Granvin bygdatun er det samla sju ulike bygg frå ulike epokar og sosiale lag. Tunet ligg sentralt i Granvin sentrum. Museet omfattar m.a. Holvenstova – ei særprega årestove, Løflotstova, mosstove, skulehus, bua, to grindverksbygg og eit reidskapshus. Eit gamalt naust ved badeplassen på Eide høyrer òg til tunet. Museet har òg omfattande og mangfaldig museumssamling. Her finn ein m.a. mange gjenstandar samla inn lokalt. I dag er bygdatunet del av museumskonsolideringa i Hardanger (Hardanger og Voss museum). Frå 2016 er det òg fellesbillett for alle musea som er konsolidert.
Kjelde: Kulturminneplan for Granvin herad