27.07.2020
Gamle Nesheim Jernbanestasjon på Hardangerbana (Nesheim Stasjon Granvin) (Juli 2020) (Inforamasjon)
Hardangerbana: Stikningsarbeidet byrja i 1921, ferdig i 1935 og opningstoget gjekk 30 mars 1935. Den var i drift i 50 år fram til 1985. |
Hardangerbana Alt då Vossebanen var i emning, tok jarnbanekommisjonen ein jarnbane frå Voss til Hardangerfjorden med på landsplanen, (1875). Kommunikasjonsnemnda av 1886 gjorde framlegg om å byggja bane til Hardanger i tilslutnad til Vossebanen som då var i drift. Fyrst i 1919 gjorde Stortinget vedtak om å byggja banen. Stikkingsarbeidet byrja i 1921 og anlegget Voss -Granvin vart sett i gang. Hardangerbaneanlegget tok 14 år. Det var lite pengar og vanskelege tider heile anleggsperioden. Både staten og dei kommunane som hadde teke på seg driftstilskot til baneanlegget hadde stundom så lite overskot at det var bortimot stans i arbeidet og ikkje meir enn 20 mann som var med, men til andre tider var det arbeid for 150 mann og heile bana stod ferdig til drift i mars 1935, og opningstoget gjekk 30. mars dette året. I samsvar med stortingsvedtak frå 1931 vart Hardangerbana bygd breispora og med elektrisk drift. På Voss stasjon måtte området utvidast mykje for å fa plass til spor og sidespor for den nye bana. Brua over Vosso vart bygd i 1927 -1929.1 Skjervet vart det bygt fire tunnellar, den lengste var på 620 m. På Eide i Granvin laut elva flyttast til nytt laup, og Eide stasjon vart bygd i det gamle elvelaupet. Mellom Voss st. og Eide vart det bygt fem stasjonar: Palmafossen, Møns-haug, Flatlandsmo, Skjervet og Nesheim. Berre Nesheim og endestasjonane hadde fast tilsett personale. Elles var det stoppestader i Haugamoen, på Kinne, Bjørgum, Dalsleitet, Såkvitne, Seiland og Kodlanes. Hardangerbana og Flåmsbana, som og vart bygd i 1920- og 1930-åra fekk dei største stigingarsom norsk jarnbane har. Difor var det om å gjera å fa lette vogner. Motorvognene var på 36 tonn og tilhengjarvognene på 22 tonn. Eit vogntog -éi motorvogn og éi tilhengjarvogn kunne ta 120 passasjerar. Største fart skulle vera 50 km i timen og køyretida Voss – Eide 40 min. NSB bygde jarnbane-kai på Eide i 1939, for Hardangerbana var bindelekk millom skipsferdsla på Hardangerfjorden og Bergensbanen. Heilt til Stavanger gjekk det godsrute frå Voss st. om Eide st. I dei fem krigsåra og den fyrste tida etter krigen var det sterk oppgang på Hardangerbana både i personferdsla og godstransporten, fordi biltrafikken då gjekk så mykje ned. Frå 1958 kom det framlegg om å leggja ned Hardangerbana. Leiinga i NSB og Staten såg det som meir lønsamt å gå over til bussruter og lastebilruter for gods. Enno var bana i drift i 27 år, men materiell og skjener vart ikkje fornya, og rutene vart sette opp slik at folk vart betre tente med å ta buss enn tog på same strekninga. Laurdag 1. juni 1985 gjekk siste rutegåande persontog.Godstrafikken var i gang på heile strekninga til mars 1988.1 tida etter dette er lange strekningar av bana omlagde til sykkelveg, såleis frå Palma-fossen til Skjervet og frå Nesheim til Eide i Granvin. Frå Voss st. til Palmafossen er lina enno i bruk til godstransport. Kjelde: Levande landskap |