foto113031.jpg

11.05.2020

Skipleskyrkjegarden (den gamle kyrkjegarden på Skiple i Raundalen) (Mai 2020) (Informasjon)

Lars Eilivson f. 1762, g. 1. 1782 m. Guri Endresdr. Heimberde, 2. 1815 m. Gjertrud Eiriksdr. Rekve, 3. 1822 m. Marta Ivarsdr. Syndve og 4. 1829 m. Dønåt Gudleiksdr. Fagnastølen. Lars fekk skøyte 1781 på bruk 5 (1 pund 12 mark) og 1829 på bruk 9. Det skal vera Lars som sette seg i brodden for å få gravplass åt Raundalen på Skiple. Han arbeidde og mykje for å få bygt kyrkje i Raundalen og vilde at ho skulde stå på Asleflòten nedanfor husi på Skiple. Lars lovde at dei i skogen hans skulde få hogga det timberet dei trong til kyrkja, og han kjøpte ljosekrune og altarkalk. Ved skifte etter Lars vart ljosekruna skrudd sund og saman med altarkalken skift millom ervingane, er det fortalt.

Kjelde: Vossaboki

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *