foto106331.jpg

16.11.2018

Storestigen (Bolstadøyri) (November 2018) (Informasjon)

I 1784 skriv vegmeister Krogh til stiftsamtsmannen i Bergen: «at gjennom Watsværens Thinglag var det et forfærdelig veistykke kaldet Homannstien der posten måtte gå når Evangervannet var ufremkommelig».
Arnfinn Bjørgo skriv i boka Storestigen: «Ein stad er vegen skoten inn i ein loddrett fjellvegg, Naole, i ein halvtunnel. Det er Storestigen, bygd av Staten i 1880. Før den tid var det murt ein trappestall inntil fjellveggen, også den kosta av Staten, slik at det let seg gjera for folk å koma opp. Det var i 1784. Men det var ikkje farande for hest eller storfe. Då måtte ein fara ein lang og tung omveg om grannegarden Rørgo, Neverstigen, Dunsen og Fyrde før ein nådde bygdevegen».

Storestigen vart og kalla Homannstigen i tidlegare tider. Fossen heiter Homannafossen eller Homannsfossen. Opphaveleg vart fossen kalla Hoffmannafossen. Det er ei segn til dette namnet:
Ein hirdmann rømde med ei kongsdotter inn Bolstadfjorden. Kongens menn sette etter dei, og for å redda seg kleiv dei opp eit ofseleg flogberg ved fossen. Desse to fredlause skal vera dei fyrste som busette seg på fjellgarden Bjørgo.

Vegen om Storestigen og Bjørgo var til sine tider ein del av postvegen Bergen-Voss, før Vossebanen vart opna i 1883. Då vart posten rodd eller sigla til Bolstadøyri, køyrd til Ståi, og rodd til Evanger, så vidare med hest til Voss. Når det var meinis (dårleg is) eller storm på Evangervatnet, laut posten berast i store lerskrepper frå Horvei, om Bjørgo, Vindeggi og Brunborg, til ein nådde Forvo og køyreveg til Voss.

Frå 1880 var dette ferdavegen til fjellgardane Rørgo, Bjørgo og Geilane. Alt av varer vart bore på rygg eller klyvja med hest. 1 1952 fekk gardane bygd taubane frå Horvei og opp til Pertreet, der Bjørgasaga står i dag.
Olaf Helland, fødd 1922, var postmann i bygda frå 1963 til 1991. Det er kanskje ingen som har gått Storestigen så mange gonger som han. Uansett ver tråla han Store-stigen og fjellgardane i 27 år. Posten skal fram!

Bilveg og ny tunnel gjennom Nåli sto ferdig i 1990, og avløyste Storestigen som einaste ferdaveg til fjellgardane. Før dette rasa noko av muren og treppene ut, slik at det var vanskeleg å ta seg fram. I 2002 vart muren og treppene vølt. Nok ein gong var det Staten som kosta arbeidet, denne gongen med kulturmidlar frå Statens vegvesen. Då muren vart vølt, fann ein greiner av sprake (einer) inne mellom steinane, som har vore lagt der som armering.

I 2010 vart det sett opp nytt rekkverk, utført av Vassvøri Sogelag. Dette erstatta eit rekkverk som bøndene på fjellgardane sette opp i 1926.

I dag framstår Storestigen som eit stolt kulturminne, og vert nytta som turveg. Vassvøri Sogelag håpar at mange kan ta turen nedom Storestigen. Slik den framstår no, kan den stå i mange år. Det er og å håpa at etterkomarane våre kan ta vare på den i framtida.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *