foto100853.jpg

07.08.2017

Nesheimstølen (Nesheimsstølen Eksingedalen) (August 2017) (Informasjon)

Nesheimstølen

Stølen vart i gamle dagar kalla Monsdalen. Namnet kom truleg frå bonden Mons, som var ein av dei første eigarane på 1660-talet Stølen har truleg vore i bruk frå den tida, og der var samanhengande stølsdrift fram til 1948. Seinare har det vore støla i periodar fram til 1962.

Buskapen var 10 mjølkekyr frå garden, med ungdyr i tillegg. Til vanleg var dei på stølen i to månader, frå 10. juli til 10. september. Arstilhøva varierte derimot, og det vert fortald at medan dei «kaldesommaren 1923» ikkje kunne buføra før til olsok, buførte dei i «turkesommaren 1933» til jonsok.

På Nesheimstølen er det gode beite og i eldre tider var det vanlegvis 10 hyrekyr i tillegg til garden sine eigne. Hyrekyrne kom frå Teigdalen eller Vossestrand. Kyraeigaren skulle ha alt smøret, og stølseigaren fekk skummamjølka og produkta dei fekk ut av den. Dei ysta gammal- ost og kokte surprim, og det er fortald at ostane vart sett til «gjæring i sengjahalmen».
No beitar sau og kyr på Nesheimstølen.

Stølsvegen
Stølsvegen går opp innanfor Nesheim, frå FV 313. Starten oppover til Hjedlaløo og vidare til Skreløo er den brattaste delen av vegen. Frå Skreløo går det slakare opp til Dikje, der ein møter eit gjerde til felles utmark. Deretter kjem ein til dei særmerkte Kvilesteinane, ein god stad å kvila, halvvegs til stølen. Frå dei store Kvilesteinane er det fin utsikt attende mot Nesheim og ein ser korleis Eksingedalen krøkjer seg vidare oppover mellom fjella. Turen oppover mot Hjedlahaugen er så brattare att. Oppe på Hjedlahaugen er det utsikt nedover til både Nesheimstølen og Monsdalen. Turen tek om lag 1 time.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *