Flyane Stølar

Flyane
Flyane med Voss i bakgrunnen
Ny støl på Flyane.
Flyane
Gamalt og nytt på Flyane.

Flyane er støl til båe bruka på Vinsand, båe bruka på Midttun og til Rode som er einbølt gard. Bruksnr. 2 av Midttun bygde ein gong føre 1850 støl på Tjedna under Tjednahorgi på overgangen mot Torfinnsvatnet. Flyane, Øyane (Dagestadstølen) og Tjedna ligg i sameige og høyrer til gardane Dagestad, Rue, Vinsand og Midttun. Selet til bruksnr. 4 av Vinsand er det eldste huset på Flyane. Lars Kindem nemner i Vossaboki under kapitlet om Dagestad at Dagestad i eldre tid hadde støl på Flyane, og flytte opp til Øyane, som ligg i sameiga, i nyare tid, truleg etter 1723, då matrikkelen opplyser at stølen ligg ei fjerdedels mil frå garden; det høver med Flyane, men ikkje med Øyane. I 1990-åra oppdaga Nils Vinsand skålgroper i ein stein ved groa i nærleiken av selet. Det var då han grov torva av steinen at skålgropene vart synlege. Torvlaget var om lag 25 centimeter tjukt. Den tida Vinsand, bruksnr. 1, også støla på Grøno, frå 1777 og nokre generasjonar frametter, var dei på Flyane på føresumaren og om hausten; i seks-sju veker frå ikring 10. juli var dei på Grøno ved Torfinnsvatnet.
Namnet Flyane er fleirtal, bundi form av fly, f. som tyder flatlendt mark.

Kjelde: Stølar i Vossefjell

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *