Anders Kjerland, Granvin 27.07.20

Anders Severinsson Kjerland (17. oktober 1900–2. mai 1989)

– Spelemannen Anders Kjerland 1900-1989 minnestein på Granvin Bygdatun, 27. Juli 2020 —

Anders Kjerland

Anders Kjerland, hardingfelespelar frå Hardanger, med stort repertoar av lydarslåttar og dansemusikk.

Anders Kjerland var fødd 17. oktober 1900 i Granvin, Hardanger og døydde 2. mai 1989. Han lærte å spele hardingfele av fleire spelemenn, framfor alt av faren Severin Kjerland (1867–1961) og Halldor Meland (1884–1970) frå Ullensvang. Seinare blei Torkjell Haugerud (1876–1954) frå Bø i Telemark ei viktig inspirasjonskjelde.

Kjerland var første gongen med på landskappleik i 1923, og den første og einaste sigeren i A-klassa fekk han i 1955, då han kom på delt førsteplass med Odd Bakkerud. Han var med og skipa Hardanger Spelemannslag i 1948, og dei mest kjende elevane hans er Knut Hamre og Leif Rygg. Han blei æresmedlem av Landslaget for spelemenn i 1965.

Kjerland var kjend for å ha eit omfattande repertoar i minnet. NRK gjorde nærare 500 opptak av han i perioden 1948–79, og eit utval spela inn i åra 1950–66 blei gitt ut på soloplata Hardingtonar (LP/kassett 1987). Fire slåttar er også å høyre på utgivinga Slåttar frå Voss, Hardanger og Krødsherad, som er del av plateserien Norsk Folkemusikk (utgitt på nytt på CD i 2009). Det var likevel ikkje berre slåttemusikk (lydarslåttar) som stod på repertoaret til Kjerland, men òg dansemusikk eller såkalla runddansspel som vals og reinlender. Slik musikk kan ein høyre på plata Gamle dansar frå Hardanger (1977), spela inn av gamaldansorkesteret Anders Kjerlands kvartett, som utanom Kjerland sjølv bestod av sonen Knut Kjerland på trekkspel, Jon Kjerland på gitar og Terje Rykken på bass.

Kjelde: Allkunne

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *