Skulestadmo frå Hangurstoppen

Skulestadmo frå Hangurstoppen-

Skulestadmo sett frå Hangurstoppen med Lønavatnet, Melsvatnet, Lundavatnet og Voss VGS (Voss vidaregåande skule) tidlegare Voss Jordbukkskule.

Voss VGS frå Hangurstoppen (Skulestadmo).

Om skulen

Voss vidaregåande skule stod klar til opning hausten 2016.

Moderne læring i vakre omgjevnader!

Voss vidaregåande skule er den mest moderne yrkesfaglege skulen i Hordaland fylke og vart opna skuleåret 2016-17. Skulen som er lokalisert i Skulestadmo (3 km frå sentrum) ligg vakkert til omkransa av idylliske Lundarvatnet og  Lønahorgi – og har plass til om lag 400 elevar.

Regionalt tilbod innan yrkesfag

Voss vgs skal vera det regionale tilbodet innan yrkesfag, og står fram som ein framtidsretta læringsstad.  Vår hovudoppgåve er å kvalifisera elevane til arbeid i det lokale og regionale næringslivet.

Topp moderne

Du som  kjem til skulen vil møta nye, fine klasserom og undervisningshallar, nytt utstyr og topp moderne maskiner. Skulen  si hovudmålsetjing er å skapa ein fagleg  møteplass der skule  og arbeidsliv innan  dei ulike bransjane samarbeider tett om fagutviklinga og innhaldet i undervisninga. Opplæringa skal for alle utdanningsområda vera prega av at den er framtidsretta og røyndomsnær både i innhald  og arbeidsmetodikk.

Studietilbod

  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Elektrofag
  • Naturbruk
  • Restaurant- og matfag
  • Teknikk- og industriell produksjon
  • Tilrettelagte grupper

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *