Avduking av informasjonsskiltet om kong Sverre Sigurdson og Birkebeinarane ved Lyder Veum og Peder Ringdal.
Slaget ved Båbrua
Sverre Sigurdsson
Kong Sverre Sigurdsson var fødd i Bergen rundt 1151 og var konge i Noreg i tida 1177 til 1202. Faren var truleg kong Sigurd Munn. Sverre vaks opp på Færøyane der han vart prestevigd.
Sumaren 1176 kom Sverre attende til Noreg og gjorde krav på kongemakta. Birkebeinarane var då den leiande opprørsflokken i landet, og dei tok han til høvding.
Sverre Sigurdsson vart einekonge i Noreg då han vann over Magnus Erlingsson i slaget på Fimreite i 1184. Men det var framleis strid og uro i landet det meste an kongetida hans. Færst i 1194 let han seg salve og krone til konge.
Kong Sverre døydde i Bergen i 1202 og vart gravlagt i Kristkyrkja på Holmen.
Slaget ved Båbrua
I oktober 1177 var kong Sverre på veg til Bergen for å sikra seg makta også på Vestlandet. Han kom då med birkebeinarflokken ned Raundalen til Voss. For å koma vidare matte dei over Strandaelva, der det frå gamalt av var ei bru som vart kalla Båbrua.
Her ved Båbrua møtte dei hard motstand. Det hadde samla seg ein stor hær på mange hundre mann med bonder og krigarar fra Sunnhordland, Hardanger, Voss og Sogn. Birkebeinarane var langt færre, men dei beit kvass fra seg. Kampen vara heile dagen, og dei skaut og kasta spyd mot kvarandre fra kvar si side an elva medan dei drog seg oppover langs elvebreidda mot Lundarvatnet. Men elva vart etter kvart breiare, og avstanden mellom hærane sa stor at det var uråd å råka kvarandre med kastevapen. Då det vart myrkt seint på dagen, fann Sverre det best å gi opp å dra til Bergen, og han trekte seg attende same vegen som han var komen.
Slaget ved Båbrua stod Simonsdagen 28. oktober 1177. Det er omhandla i den delen an Sverresoga som Sverre sjølv var med og utarbeidde ein gong i 1180-Åra. Han var ein framifrå hærførar og militær strateg som kjempa og sigra i mange slag. Slaget ved Båbrua var eitt av dei få Sverre ikkje vann.
Tilbaketoget
Pa veg attende gjennom Raundalen fekk birkebeinarane hjelp an bonden på garden Kløve til å finna vegen gjennom den bratte og rasfarlege Rastalida. Her var mest uråd å to seg fram til fots, og langt verre med hestar og utstyr for krigføring. Med ymse hjelperåder kom dei seg vidare. Denne vegen er i ettertid kalla Sverrestigen og er eit kulturminne.
Frå Mjølfiell tok dei nok den vanlege vegen gjennom Rjoanddalen og over fjellet til Flåm. Men ein fælsleg snøstorm kom uventa på dei og gjorde at dei gjekk feil. I fleire dagar rava dei rundt i fjellet utan mat og drikke. Sverresoga fortel at minst 20 mann og meir enn 120 hestar mista livet, og at mange ville gjera ende på seg for å få slutt pa lidingane. Då heldt kong Sverre ein manande tale til birkebeinarane. Stormen stilna, sola kom fram og dei såg kvar dei var. Frå høgfiellet tok dei seg truleg ned i Frondalen og vidare ned den bratte Midtnoslia til Brekke i Flåm. Vegen her er i ettertid kalla Sverresgong.
Den dramatiske fjellferda i snøstormen i Vossafjella er ei kjend hending i norsk mellomaldersoge, og den er skildra an fleire historiemålarar. Mest kjend er nok Knud Bergslien sitt måleri frå 1870, som syner kong Sverre mellom dei forkomne birkebeinarane.
Borgarkrigstida
I mellomalderen hadde alle kongssøner arverett til trona. 1100- og 1200-talet var ei uroleg tid med mykje strid og sterke motsetnader mellom ulike landsdelear og høvdingar som støtta dei mange kongssønene i krava deira på arveretten.
Magnus Erlingsson var son til den mektige lendmannen Erling Skakke frå Etne. Berre fem år gamal vart Magnus i 1161 valt til konge på Gulatinget. Han var ikkje kongsson, men mora var dotter til kong Sigurd Jorsalfar. Difor vart han av mange ikkje sett på som rettmessig konge. Erling Skakke og kong Magnus stod sterkt på Vestlandet, i fleire år var dei hardaste motstandarane til Sverre.
Kjelde: Informasjonsskiltet ved Båbrua
This series of pictures and the story at the end were very interesting to me. The Klove family is in my family history, so the part of the farmer on the Klove farm jumped out at me. Do you have any contact information on Lyder Veum or Peder Ringdal? I would like to see if I can find out any more information on the farmer mentioned.
Thank you so much for what you do. I look at your photos daily and have done so ever since my trip to Voss in 2016. Your work is appreciated.
Brian Petersen